18. mars 2007

Forfatteren og ordene.









«Kvart menneske er ei øy, som kjent. Så må det bruer til. Uendeleg mange slags bruer. Naturleg nok har vi lært den bygningskunsten grundig.
Det finst finare bruer enn ord over til andre, men berre i den rette, sjeldne stund. Den lydlause stund når alt står stille for ikkje å gå i stykke, medan den minste rørsle er ei gåve på same tid - då er ord ubrukelege. Eller når ein fingertupp langs ein arm er som springande bruer av gull.
Likevel: tusen gonger oftare er ordet bru.
Eit under av ei bru.
Aldri kan ein halde opp å hylle den som laga det skrivne ord. Boka, bladet, brevet. Frå øya si har nokon skrivi eitkvart, det slår bru til neste øy, og atter frå øy til øy. Det kjem sendande, og ligg der som ein død ting - men mennesket har lært å tyde det, under eit menneskeauga får det liv, og meir enn liv, kan røre og opprøre og skape om. Det kan stige opp av papiret som lyn og eksplosjonar, som svarte sørgje-fuglar og som blømande kirsebærtre.
Av og til skulle vi tenke over kor merkeleg det er.»

3 kommentarer:

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.