23. november 2007

Skog












"Så mykje skog rundt vegen, konstaterer Ali for seg sjølv. For mykje. Til å bli galen av. Galskapen rår her inne.
- Det var derfor eg trådde feil, seier han. Og prøver å bruke ein teknikk som heiter rasjonalisering for å tenke seg ut av noe vondt. Teknikken går ut på å legge skylda på andre. Han har lært det på eit integreringskurs han gjekk på i Sogndal. Det var lærerikt for ein ung gut. Galskapen finst ikkje inne i eins eige hovud, den finst inne i mørke skogen. Den norsk urskogen. Det er i nordmenn galskapen ligg, ikke oss, sa integreringsinspektøren og peika på den fargeglade gjengen. Galskapen ligg hos dei ute i skogane - Norwegian Wood. Om du gjer noe gale - så er det ikkje di skyld. Det er skogen si skyld. Galskapen som ligg på lur i desse mørke granskogane, tenker Ali, er dødeleg. Desse mørkegrønne fengsla som den nordiske rasen har søkt tilflukt i. For å dra seg unna resten av verdas problem og utfordringar. Men resten av oss - resten av verda - taklar ikkje dette einfaldige einsame livet i desse redselsfullt mørke skogane."

Fra Edmund Austigard: Taxi for B.A. Beckström - eller kunsten å danse på furu. Samlaget 2007.

Ingen kommentarer: