15. mars 2008

Litt teori på en lørdag.







«Vår eigen Dag Solstad, rett nok åtti- og nittitalets Dag Solstad, har, slik yngre forfattarar har gjort før han, påstått at ein romanforfattar i vår tid med alvorlege ambisjonar må skrive i forhold til den modernistiske romanen, forenklar ein grovt kan ein seie at ein må skrive enten i forhold til Joyce eller i forhold til Proust eller i forhold til begge to. Det siste meiner Solstad er umogeleg, etter hans meining lar ikkje dei to forfattarane seg sameine, så det får bli enten Joyce eller Proust. Eg er ikkje så sikker på det, blant anna har Joyce og Proust det felles, trass alt som skil, at dei i si romanskrift ikkje først og fremst tyr til sveipande forteljing, med det ytre sosiale rommet og historie som scene, slik det har vore vanleg i den realistiske romanen, dei utviklar derimot ei romanskrift som lar den einskildes medvit vere sjølve scenen for romanskrifta, det betyr sjølvsagt ikkje at det sosiale rommet og historia med eitt er borte, heller berre tatt opp i romanen på ein meir realistisk måte enn tidlegare. Sjølv om den modernistiske romanen gjerne blir forstått i motsetnad til den realistiske, er den likevel meir realistisk, ikkje mindre.
Eg trur faktisk ein kan påstå at romanen før og etter Joyce og Proust nesten er to ulike slag litteratur, og det hovudsakleg på grunn av utviklinga av den indre monologen, dei store og avgjerande nyvinningane er som kjent ofte enklare enn ein trur, korleis dette enn måtte vere så står i alle høve Joyce og Proust heilt sentralt i det som har utvikla seg til ein modernistisk romantradisjon, med namn som Faulkner og Claude Simon, Beckett og Thomas Bernhard.
At eg sjølv kan vere samd med Solstad i å velje Proust før Joyce er no så si sak, eg har nok sans for Joyce, men litteraturen hans kan òg irritere meg veldig, ofte verkar det som om han gjer ting vanskelege for at dei skal vere vanskelege og det er noko eg ikkje kan med, det er ei slags unødvendig tildekking, eit åtak på det uforståelege som er i all god litteratur, det er som om Joyce spelar på at litteratur har noko uforståeleg i seg og gjer den til ein slags kunnskapsleik ein i prinsippet kan finne svaret på. Det får no vere som det er.»


Jon Fosse i essayet "Litt om James Joyce" i Gnostiske essay
Opprinnelig publisert i Bergens Tidende 1993

Ingen kommentarer:

Juleroser

"Juleroser" fra Samlaget, det vakreste juleheftet man kan tenke seg. Et litterært julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste...