13. desember 2015

Løssi langnatt


Natt til i dag var det lucianatten eller Løssi langnatt, en av de farligste nettene i året ifølge gammel folketro. For den løssi som det er snakk om her, var ikke noen helgen, men en vetteaktig skapning fra mytene, som lusket rundt hushjørnene i den mørkeste tiden på året. Da var det rett og slett farlig for mennesker å ferdes ute.




Slik skildres Løssi langnatt i første del av Olav Duuns Juvikfolke:


Det var ho Løssi Langnatt. Ei natt som aldri tek slutt. Da klagar kua seg på båsen, og sauen med; og folk sit med harehjarta oppi halsen, sitt og hakkar tennene og bit i det; goveitra rullar stein oppi fjelle, småkallane spring og trampar kring veggene, det slamrar og let all stads; kven er det som vil gå på lemmen den natta, eller åt nauste? - å, gang utu ljøsi fer mæg! Dei herder ikkje å høre på ei ulåt. Per Anders retta seg godt til, sa i Jesu namn, som han gjorde kvar kveld, og så sov han. Nei, ikkje det heller, beint, men han var i dorminga. Da stomlar det ute i nauste. Det datt ned einkvart, berre så det skrall i veggene her han låg. Nauste og brygga stod vegg i vegg; der var ei dør imillom, men ho var stengt, elles hadde han gått ut og sett etter. Da det leid om litt, luska det hund frammed veggen, med nasen i jorda. Per Anders kjente etter om han hadde slirekniven på seg, og så snudde han seg og sovna ifrå skiten. I sømnen hørte han det kom nokon opp ifrå sjøen, reiv opp døra og stod still der, i mørkre. Vinden kom isande inn, gjorde han blå vaken. "Orka du å stå, så orka vel æg å liggji, " sa Per Anders, og han låg. No let det visst att døra, her vart lognt att. Per Anders breidde godt over seg, for han var frosten etter roturen. Han sov ei god stund. Men så stomlar det oppunder take, han set seg opp og hører på det, med handa på kniven.
"E det nokon!" ropar han. Da vart det drypstilt. Men så tuslar det og går att, trør over åsane og garnrærne, ein stor og tung ein kar . Per Anders spring opp, finn seg ei år, og slær ho imot åsen så ho fyk i filler: "Hald fre i naust, det varsku æg dæg om! Din Tykji der du e!" Da lo det oppi mørkre, urande stilt men djupt, liksom all natta lo. Og no visste han det: Dette var han svartmeisk sjøl; sjølve Kallen. Per Anders var på veg til å gå ut, men det kunde han heller ikkje få seg til. Her var da vel rom for to?
Dette var ein som var til; det var hverken draug eller anna ovtru; den mannen var det inga skam å fire for. Han sette seg. Han var ikkje lik seg lenger, han fraus så gudnådslig. Han las fadervåre, enda det var stygt å trive til det no, det var som å bruke uverja når ein blir for veik. - For resten, så var dei her, alle gammalkarane frå Juvika, rundt ikring han. Så skremd var han ikkje. Han breidde godtover seg, og lest som han sov. Og natta gjekk. Eller: ho gjekk ikkje. Ho la seg for attmed ein, ho skulde ikkje lenger. Han hørte kua på båsen, ho rauta og klaga seg: "Lang natt! Lang natt!" Og sauen og gjeita, dei remja med hue under bogen: "Ho e lenger enn to!""

PS Og her fikk du samtidig et eksempel på hvordan Duun skriver, hvis du ikke har lest ham. Det er et drivende og ekspressivt språk, som jeg opplever som overraskende lett å lese, selv om jeg ikke forstår alle ordene i trønderdialekten hans. 

Ingen kommentarer:

Juleroser

"Juleroser" fra Samlaget, det vakreste juleheftet man kan tenke seg. Et litterært julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste...