aroundbooks

aroundbooks

12. februar 2016

Det første møtes sødme




I Juvikfolke er det nå Odin som er hovedpersonen, og ham følger vi i detalj. Bare syv år gammel kommer han i tjeneste hos et eldre ektepar (han er uekte barn, som det het den gangen, og morens nye mann vil ikke vite av ham). I fosterhjemmet er han gjetergutt etc. På nabogården bor en jente som heter Karen-Anna, og Duun gir subtile frampek om at det kommer til å bli noe mellom dem. Odin begynner vel å nærme seg konfirmasjonsalderen da han og Karen-Anna opplever at de ikke er barn lenger. Er det ikke nydelig? Det er nesten så man mister pusten.

Heile denne sommaren var Karen-Anna godt som glømt. Ein kvelden han fór og leita etter gjeitene vesti marka, gjekk dei seg på einannan. Ho fekk så stilt eit andlet, da ho såg det var han. Ho var Havfrua like vel, den han hadde drømt om; ho var så vidunders vakker, og der stod ho og hørte han til. Men helst vilde han ha sprunge sin veg. Godvêrs-båra låg og sukla frammed kvite stranda, og i kring dem var det marka, med mosekollar og lyngflater, der sola stod på og skjein med dirrande kveldraudt, og dulp og dæld, der smågrase grønte med nye letter i skuggen. Og Karen-Anna såg opp på han gong for gong, og somtid var det med små auga som tok rundt omkring han og var fulle av lått og kjæte, og somtid var det gjenom ein blågrå moe som gjorde vondt nokon stads. Ja, no tok han og gjekk sin veg; han stod ikkje her lenger. Men enda stod han. Han fekk ein skjelv i seg, - det var så lite om å gjera, syntes han, at han ikkje kasta seg over henne og gjorde henne eitkvart urimelig, her midt i villaste marka, ho kunde aldri ha komme seg til unnrømmings! Ho var ikkje redd han eingong? No fór han, og glad var han at han hadde komme seg laus, han måtte stane og kjenne på kor hjarte banka i han. 

Olav Duun: Juvikfolke, I eventyre

Ingen kommentarer:

Kanskje du også liker

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...