16. februar 2017

Bøker i kunsten



 Maleri av Isabel Guerra

Isabel Guerra vart fødd i 1947 i Madrid. Ho vart oppteken av å måla då ho var 12 år gammal, då ho fekk eit skrin med oljefargar til fødselsdagen, og vart fylt av ei uforklarleg kjensle, ho opna balkongdøra og såg det same landskapet som var bak portrettet av Valesquez utanpå boksen med oljefargar.
Etter dette gjorde ho lite anna enn å måla og vera oppteken av målarkunst, men ho tok ikkje noka kunstutdanning. Ho studerte dei store meistermålarane på Pradomuseet i time etter time. Ho gjorde dette aleine. Og ho såg i kunstbøker. Noko som var som ein besettelse for henne, og viktigare enn alt anna, seier ho sjølv, var det at ho arbeidde utan stans med å måla sjølv.
Nokre vennar av foreldra arrangerte den første utstillinga hennar. Ho vart nok handsama som eit vidunderbarn, men likte ikkje det, ho ville vera ein normal malar. .

Same året som ho byrja måla, då ho var 12 år, fekk ho òg eit kall av Gud, seier ho med eit smil til ein intervjuar. Då ho var 23 ville ho gå i kloster. Mora tok dette veldig tungt, då ho var det einaste barnet deira. Men foreldra forsonte seg med dette før dei døydde.

”Då eg gjekk i kloster, tenkte eg at det ville gå ut over målinga mi, kanskje måtte eg slutta heilt med det. Men den same dagen som eg kom til klosteret, sa mine overordna at eg kunne halda fram med som før. At dette var ein praksis som passa perfekt for klosteret. At St. Benedict, som forfatta reglane til benedektinarane, som klosteret er ein del av, nytta eit eige kapittel i dette regelverket, til å skriva om kunstnarane i klosteret.”

Isabel Guerra har utvikla målinga si frå ein impresjonistisk stil, via ein meir ekspresjonistisk periode til den hyperrealistiske stilen ho nå oftast arbeider i, gjerne med meir abstrakt bakgrunn bak figurane.
Ho seier at klosterlivet er svært inspirerande for henne og hennar kunst: ” Vår levemåte er retta mot det vakre. For oss er ikkje estetikk noko som er der som ein bakgrunn, men det er sentralt for livet. Me søkjer fred og livsdjup, eit stille og roleg miljø der me kan tilbe skaparen og skaparverket. Når eg målar legg eg vekt på fred og lys. Det er mulig å finna stiar til det vakre. Det er dette eg vil uttrykkje, og nokre får det med seg.”

Nå kjem ho til Madrid omtrent kvar tredje år, for å stilla ut nye måleri. Og sel alt. Ho vil ikkje snakka om pengar, men dei går nok til det som trengst i klosteret, mellom anna til restaurering av bøker og innbinding.
"Ora et labora er vårt liv i klosteret," seier ho. Og for hennar del inneber det altså å be og måla.

Tekst: Helge Torvund

Ingen kommentarer: