aroundbooks

aroundbooks

10. februar 2009

"Litterært avfall"











«Berre éin ting overlever, skriv Løland. Berre ein einaste ting: Kunsten! Kunsten. Når han er stor nok, frigjer kunsten seg frå tida si, frå fortida og framtida, og strekkjer seg over dei stengsla menneska i all sin avgrensa natur og levealder stangar mot. Eit målarstykke, ein melodi, nokre rimande linjer eller ei ekstraordinær handling, ein flik av kvardagen lausriven frå den same kvardagen og omgjord til noko flott. Noko magisk, det er kunst. Verken meir eller mindre. Løland er kunst. Øvre Richter Frich og De knyttede næver, derimot, er ikkje berre trivialia, det er avfall. Rett og slett litterær skit og lort frå folk med avgrensa sjelsliv og tru på overmennesket. Og denne Øvre sjølv er ikkje noko anna enn ein ærendsgut for styresmakter med store og farlege ambisjonar. Og kva slags namn er det eigentleg? Ikkje eit skikkeleg namn i det heile. Eit forfina austlandsnamn er det, eller bergensk, eller kor i hoen det måtte kome frå? Same det, for med så flust av konsonantar hive inn mellom vokalane kan det berre stamme frå éin stad. Tyskland, sjølvaste keisarriket. Namnet er herma så godt ein har fått det til etter tyske stavemåtar. Og kva trur de dei skreiv i Stavanger Aftenblad om denne Frich ein gong i fjor sommar. Jo, at han skreiv om ein Jonas Fjeld, som var sjølvaste erketypen på det dei norske raseforskarane hadde sagt var den reine nordiske rasen: høgreist, blond og høgpanna, med eit friskt og tiltalande ytre, eit ope og humørfylt sinn, eit sylande skarpt intellekt og ikkje lite godt utstyrt nedantil. Denne ekte skandinaven, Jonas Fjeld, var helten i Frichs kriminalromanar, og dei kriminelle var lågpanna, mørke, korte, krokete, tause og tungsindige, og kunne dei velje, dreiv dei for seg sjølv gjennom dei mørkaste bakgatene, framande som dei var med både skikk og bruk og folk. Kort sagt, dei som stod for dei ureine innslaga i den nordiske rasen, eit slags ugras som heldt ut trass i både statleg og privat luking. Men det kunne berre vere snakk om tid. For dei lågpanna hadde beviseleg lågare intelligens enn dei høgpanna. Derfor var Jonas Fjeld lege, mens bandittane ikkje eingong hadde kome seg gjennom omgangsskulen.»

Frå Edmund Austigard: Krinsereglane, roman Samlaget 2005.

Meir om Frich HER.

For anledning har eg avfotografert det eg sjølv har av Øvre Richter Frich (eg har også Christopher Hals Gylseth sin biografi, ... selv selv til det ytterste. Øvre Richter Frich og hans forfatterskap, Cappelen 1997). Eg vil tru at lesinga av Frich sine bøker utgjer eit nærmast rituelt stadium i alle lesande gutars liv, i generasjon etter generasjon, det er bøker ein les i slukealderen, utan tanke på kor politisk ukorrekt det er, for slikt har ein enno knapt høyrt om på det stadiet og er lukkeleg fri frå å måtte take standpunkt til, det er berre spennande, ganske enkelt. Det blir i alle fall ordna opp i tinga; dei snille og sterke grip inn, og dei slemme får den lagnaden dei fortener.

3 kommentarer:

Cyno Grassator sa...

Austigard prøver her å slå inn en dør som har stått på vidt gap lenge. Han bidrar ikke med noe nytt eller originalt. Og navnet? I sin samtid ble forfatteren ofte omtalt som Forøvrig Riktig Frekk.

Tehme Melck sa...

Jeg tror ikke Austigard har noen illusjoner om å åpne nye dører. Sitatet er hentet ut av sin sammenheng, som er en skildring av hovedpersonens barndom i første halvdel av forrige århundre.

Cyno Grassator sa...

Vel, hvis vedkommende vokste opp i første halvdel, var han kanskje forut for sin tid mht. avsky for Frichs fascistoide tendenser... Da blir det nesten anakronistisk. Før krigen var det nesten ingen som så tendensen i Frichs romaner, bl.a fordi ingen seriøse kritikere skrev om dem. Men det kan jo tenkes at enkelte skarpsindige lesere så det klart allikevel, slik denne romanpersonen gjør. Oppvakt og ideologisk skolert må han være.

Kanskje du også liker

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...