Viser innlegg med etiketten nynorsk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten nynorsk. Vis alle innlegg

30. juni 2021

Nye bøker

 Disse tre bøkene kom nylig i hus.

"Bendik Uføre vaknar brått av et nokon står over han. Ein mørk silhuett har kome inn i rommet. Det kan vere ein ungdom som vil selje lodd. Eller ein austelending som vil hemne noko. Det er dette han risikerer når han aldri låser døra si. Om nokon vil inn, får dei berre kome. Om dei vil stele, har han liggande ei nynorsk ordligste godt synleg på ei hylle, med sin tohundrelapp stikkande ut som bokmerke. Ein tjuv vil kanske ta med seg både pengen og boka, og viss han kjøper seg eit måltid for pengen, har han noko å lese ved sida av." (åpningsavsnittet i "Gamle menn i syningom", tredje bind i trilogien om Vassbygda og språkstriden - ein må ikkje ha lese dei to andre bøkene først - det har ikkje eg gjort.)



"Språk vekkjer kjensler, og skrivefeil er eit av dei vanlegaste irritasjonsmomenta. Men kvifor er det slik? Kva kjenneteiknar irritasjonen over skrivefeil? Og kva fylgjer har irritasjonen for språksamfunnet?" Frå føreordet til "Kunsten å irritera seg over skrivefeil", der den særdeles kunnskapsrike og skriveføre filologen Kristin Fridtun (noen av oss kjenner henne bl.a. fra hennes faste spalte i Dag og Tid) tek problematikken føre seg i kapitler som "Kva er irritabilitet?", "Kva er skrivefeilirritabilitet?" "Ikkje gløym personlegdomen", "Nerveutslett og mental kløe", "Det korrekte språket kan litterært sett vera heilt daudt", "Min irritasjon er betre enn din" og "Irritabel sjekkliste: Kvifor irriterer eg meg over denne skrivefeilen?" Boka er skrevet på Fridtuns lett arkaiske nynorsk, befriende for meg som blir forvirret av dagens "normaliserte" nynorsk, særlig når jeg sliter med kryssorden i Dag og Tid. 



"Louise Glück's a award-winning collection of essays is the work of a major poet and a distinguished teacher. She writes of her upbringing, her human and literary antecendents, and she dwells with a scrupulous eye on details of lives and poems, until she comes to understand them."(Fra baksideteksten på Glück's essaysamling "Proofs and Theories". Glück fikk som vi vet Nobelprisen i litteratur i 2020.)



17. august 2012

Quiz: Hvilken nynorsk forfatter/bok

















Jeg prøver meg med en ny quiz. Denne gangen er alt på nynorsk, og det gjelder å gjette forfatter og bok. Noen av utdragene inneholder direkte hint til tittelen. Et par navn er skjult med N eller NN. Praktiser gjerne antydningens kunst i svarene. Fasiten kommer sent i kveld. Dette er bare en litterær lek, ikke en alvorlig konkurranse. Gjett i vei! Lykke til!

1) «Paulette Lestafier var ikkje så senil som dei ville ha det til. Sjølsagt heldt ho greie på dagane, det skulle berre mangle, det var snart det einaste ho hadde å ta seg til. Telje dei, vente på dei og gløyme dei. Ho visste inderleg godt at det var onsdag i dag. Ho var dessutan klar! Ho hadde fått på seg kåpa, tatt fram korga og plukka saman det ho hadde av rabattkupongar. Til og med høyrt bilen til Yvonne komme borti vegen .... Men så var det katten som sat framfor døra, han var svolten, og det var da ho skulle bøye seg og setje ned att skåla hans, at ho hadde ramla og slått hovudet i nedste steget på loftstrappa.» 

2) «Ho fór saman: Eit høgt brak midt i desse tankane, denne ventinga. Eit langt brestande liksom - bortover og bortover, medan det dovna av. Det var frå isen på det store vatnet her nedanfor. Og det var ingen fare, var i staden gledeleg, braket fortalde at isen vart endå eit grann sterkare. Det dunde som børseskot, og sprang lange, knivsmale revner frå overflata og djupt nedigjennom - likevel vart isen sterkare og sikrare til kvar morgon. Det hadde vori ein uvanleg lang og hard barfrost-haust.» 

3) «Avdøde ønska ikkje fjernsyn. Ingen kamera, mikrofonledningar, kabelkveilar eller lysriggar fekk ta glansen frå sørgehøgtida. Alle var der jo likevel, og avisene skreiv. Morgonen for gravferda grydde til ein dag med høg himmel og kald nordavind. Sjølve kom vi også frå nord, med båten same morgon, og tok toget vidare frå Kiel. Lyden av kyrkjeklokkene bar langt ut over byen og hamna og fjorden og det låge landet omkring. Store, offisielle tenestebilar med sota ruter rugga sakte gjennom dei trange gatene i sentrum, og sette av kistekledde passasjerar i sidegatene ved St.-Marien-Kirche. Eg burde kunna vegen, men vi gjekk feil frå stasjonen, og kom fram i siste liten. Innvendig var kyrkja vakkert pynta med blomar og kransar. Orgelet durte stille over dignitærar og forunderleg glisne benkerader. Generalstaatsanwalt Dr. Dr. Hon. NN blei ført til grava ved ein protestantisk religiøs seremoni og i nærvere av høge representantar for delstatsregjeringa og det sivile samfunnet.» 

4) «Når Maria er framme ved kontoret, er klokka 07:20, og ho må stå ved døra, for alle stolane er sjølvsagt tatt. Sjefen er spydig fordi ho er for sein, og Maria beklagar og seier at ho trur klokka går litt seint. Sjefen seier at ho får ta og rette klokka, og Maria seier at det skal ho gjere. For at sjefen skal sjå det, lèt ho som ho gjer det med ein gong. Ho har sett sjefen sparke ei tilsett som alltid kom for seint. Den dagen stod ho alvorleg bak disken og kviskra med nestsjefen til klokka var ti over sju, og dei som sat der, byrja å bli urolege. Då forseintkommaren kom halsande inn, marsjerte sjefen fram frå bak disken i ein elegant boge, og det gjekk eit engsteleg sukk gjennom flokken av unge reinhaldsvikarar. Sjefen stilte seg opp framfor jenta med hendene i sidene, og augo hennar lynte. Maria var redd, men jenta som var kommen for seint, var det ikkje, ho byrja berre å orsake seg.» 

5) «Det var laurdag og kringledag. Og akkurat på denne tida kaffipreiket toppa seg. Eg stod og lytta på kva dei sa i krinsane på kaien, og la merke til dei nye vanane folk hadde. Ein dalbu eg ikkje hugsa namnet på, gjekk inn på Handelslaget for å kome ut att like etter med bein kurs for Schmidt-kolonialen, for i tredje omgang å ta seg attende til Handelslaget att. Gong på gong utan at han fekk handle så mykje som ei kringle, gjentok dette seg. Før var dei som handla hos Schmidten, og dei som handla på Handelslaget, for to ulike kyrkjelydar å rekne. Ingen kunne finne på å bryte det innlærte mønsteret. Handlemønsteret var eldre enn Moseloven, sa dei om den saka. No vandra begge lydane kvilelaust mellom kolonialane med allfort skeivare fjes, ein tone raudare i kinna, eit knepp til høgre, for kvar runde.»

6) «Eg seier at Line kan gå, og legg meg på senga, forsiktig så ikkje kleda skal knurve og frisyren losne. I hagen sit ein svarttrost og plystrar. Vindauget litt på gløtt, den velkjende lukta av gryande vår, eg får heimlengt igjen. Eg vil skrive til mi kjære søster, fortelje henne alt eg har opplevd sidan sist. Skriv til meg i Trondheim, skreiv eg, men ingen brev er komne. Kanskje har ho ikkje fått mitt enno, kanskje er livet hennar fullare no som eg ikkje lenger er ein del av det. Tanken på alt ho kan oppleve utan meg, strammar i magen, så forferdelig å ikkje skulle vere ein del av livet hennar. Eg snur meg på sida og trekker opp beina. Dei går snart over, desse pinene, snart er saknet gløymt og eg er travel og oppslukt av det nye livet. Snart er det Vardø som er heime, medan huset i København berre er eit vakkert minne om ei tid som var, ein barndom eg hadde, som aldri kjem tilbake.» 

 7) «Til slutt sette Jacob dei to lektorane av i busslomma ved sida av skulen. Heile vegen til lærerrommet underheldt Sissel med snakket sitt, og det var stort sett dei verdslege sidene ved julefeiringa ho var oppteken av; innkjøp, pynting og reingjering. Georg gjekk taus ved sida av og tenkte på dei undertrykkande kreftene i kvardagen. Å ta del i slike samtalar så mange gonger i løpet av eit liv forsterka kjensla han hadde av ein akselererande visningsprosess. På lærarrommet drakk han ein kopp kaffi og takka ja til ei peparkake frå ein kvinneleg kollega. Lærarane var heilt klart komne i julestemning no, på alle nivå. Det låg ein svak eim av mandarin over heile skulen, og kvar dag var det minst fem kvinnelege lærarar som hadde kledd seg i raudt. Det einaste unnataket var kanskje den nye svenske gitarlæraren som sat i ein krok for seg sjølv og las i boka Norge - en kritikk. Kanskje ikkje heilt rett innstilling, tenkte Georg, samstundes som det heilt klart hadde sin sjarme.» 

 8) «Ferja ligg uroleg på kulingen som kjem strykande med regnet frå babord. Høgtalaren over den stengde kaffeluka tar Oslo dårleg inn. Marianne ser den forlatne kaffekoppen der på bordet, og kjenner at ho må kaste opp, kjem seg opp på dekk, heng utover rekka og brekker seg. Der står ho, Marianne N. Vinden og regnet gjer henne godt. Ho er 18 år og serveringsdame på Rutebilkaféen i Ramvik. Ramvik sentrum kan så vidt skimtast i tåka. Marianne går ned i salongen og hentar veska si, låser seg inne på toalettet til båten er inne, og studerer ansiktet nøye: I en sprukken og skitten spegel.» 


9) «Regne held på. Men lufti er lettare. Eg gjer opp varme på gruva; kveikjer eit ljos til; drikk eit glas kognak; tek til å få mod. Jøss, for småtull det er, alt det me gjeng og syter og harmar oss fyri her ned i dalane! Ein statsrevisorpost! Litegrand folkesnakk! - Berre magtine oppi lufti tek seg ein dans er det gløymt. Fred vere med min ettermann klokkaren! Fred  vere med den Kristiania dygd! Herregud, lat dei snakke; dei treng um det. Ein skal elske sin næste, stend det; skulde me ikkje unne desse matleide stakkarsting der inne so mykje som ein litin skandale til å kose seg med?»

10) «NN kom altså til verda på eit småbruk i Vanylven kommune på søre Sunnmøre ein grå vinterdag tidleg på nittenfemtitalet. Eg ser det ikkje som mi oppgåve som forteljar av Ns historie å lesse framstillinga ned med amatørpsykologi, og dermed har eg ikkje tenkt å bidra med noka detaljert skildring av t.d. dei tidlege barndoms- og ungdomsåra hans, slik at du, som ev. topptrena lesar av realistiske og andre utviklingsromanar, kan tolke deg fram til nokre spesifikke traume som kan ha skapt den for så vidt slegne mannen som vi nett har møtt. Ns plass i den vesle søskenflokken på småbruket er ikkje nokon stor løyndom, men eg har tenkt å halde meg for god til å overrisle lesaren med dei vanlege biografiske opplysningane om t.d. kor lenge Bodvin fekk bryst, kor gammal han var da han tok til å mate seg sjølv, frigjorde seg frå farens nokså omfattande verdsbilde, osb., iallfall fram til eg ev. blir nøydd til å avsløre, dvs. dikte opp dette i avisintervju eller (i beste fall) på Skavlan etter at dette er publisert. Her kan det derimot vere på sin plass med nokre enkle sosioøkonomiske betraktningar.»

16. januar 2010

Purkene snudde seg


Nå leser også jeg Kjersti Rorgemoens Purkene snudde seg. Av en eller annen grunn har jeg merket meg denne boka fra fjorårets bokhøst. Det skyldes vel ganske enkelt at den har fått mye omtale, både i mediene og i bloggverdenen. Blant annet også i den lokale presse her på mine kanter, siden Rorgemoen er telemarking.

Stilen minner både om Ravatn og Lindkvist, og kanskje er det ikke tilfeldig, i hvert fall kjenner Ravatn og Rorgemoen hverandre. Likevel er alle disse tre unge damene forskjellige nok til å ha sitt eget grep. Og de er så herlig fandenivoldske og humoristiske. For tiden foretrekker jeg dem, fremfor unge mannlige forfattere og karsligheten deres. Guttene skal tøffe seg så veldig (og det er ikke nødvendigvis Knausgård jeg tenker på). Jeg synes jeg finner mye mer av underfundighet og gode observasjoner hos jentene, uten at jeg dermed skal påberope meg annet enn min egen svært begrensede oversikt.

Baksideteksten til Purkene snudde seg lyder slik:

«Purkene snudde seg er Magda Bekk sine notat frå livet som Magda Bekk. Notata består av ei rekkje episodar, anekdotar og minne: om å bli fridd til i det offentlege rom, om den villeiande begeistringa for hesten Kloke-Hans, om eit forstemmande forsøk på å gå på dansekurs, om ei kort karriere som sjåfør på bokbussen og om oppvekst og frilansarbeid på ein svinefarm. Men mest av alt er Purkene snudde seg driven fram av hovudpersonen si særmerkte oppleving og vurdering av verda: skeptisk, analytisk og svært vittig.»

23. januar 2009

Det er av sine egne man skal ha det








«Eg veit at du ikkje likar at eg seier dette, men det er sant: du er rett og slett ein betre forfattar! Du ser lenger inn i dine karakterars personlege indre, du knar teksten betre, du let han heve lengre og du tek teksten ut av omnen når han er akkurat passe godt steikt!»

Olaug Nilssen til Gunnhild Øyehaug i Flamme-singel nr. 21: Feste, skrifte - til Gunnhild Øyehaug på 34-årsdagen.

25. oktober 2008

Nynorsk



"Dei fleste forskingsaktive tilsette ved norske universitet og høgskular skriv vesentleg meir engelsk enn eg nokon gong har gjort, eller truleg kjem til å gjere, ein pikant liten ironi som elles heng saman med stillinga mi og med språksynet mitt. Min ideologiske ståstad, som eg ikkje har tenkt å forlate, er at det er over all måte viktig at språk som norsk i det heile og nynorsk reint særskilt vert brukte så mykje som råd og i alle mogelege situasjonar, for å sikre språkleg og kulturelt mangfald og for å demme opp for den aukande engelskspråklege dominansen på alle domene, ikkje minst i faglege samanhengar."

Stephen J. Walton i Skaff deg eit liv! Om biografi, Samlaget 2008.
Walton er engelskmann, professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda og leder for Ivar Aasen-instituttet.

9. oktober 2008

Nye bøker





To nye bøker i posten i dag, Edmund Austigards Krinsereglane og nynorskprofessor Stephen J. Waltons Skaff deg eit liv! Om biografi. Den siste nylig omtalt her i bloggen. Jeg har lånt den på biblioteket, men måtte ha den selv. Og Austigard ga meg lyst på mer etter Taxi for B.A. Beckström - eller kunsten å danse på furu.

30. september 2008

Hva er et liv?











En av bøkene jeg lånte på biblioteket nylig (se innlegget under), var Stephen J. Waltons Skaff deg eit liv!, en sakprosabok om biografi. Boka er så velskrevet og interessant at jeg nesten ikke klarte å legge den fra meg da jeg først hadde åpnet den. Jeg har aldri vært spesielt interessert i biografier. Jeg har selvsagt en del av dem, særlig forfatterbiografier, fordi jeg samler på bøker om bøker og forfattere. Interessen for biografier ble imidlertid vekket nå nylig, da jeg leste forordet til første bind i den nye store tyske Kafka-biografien. Forfatteren drøfter der en del problemer både med biografier generelt og med en Kafka-biografi spesielt. Det var derfor ikke tilfeldig at jeg plukket med meg Waltons bok fra biblioteket. Baksideteksten til denne boka lyder slik:

"Kva kan vi vete om andre sitt liv? Kva skjer når ein biograf prøver å skaffe seg eit liv, det vil seie livet til ein annan person?

Denne boka handler om biografisjangeren. Mens interessa for og salet av biografiar har auka jamt dei siste åra, har ikkje teoriane om sjangeren utvikla seg like sterkt. Mange meiner at biografien er inne i ein renessanse, andre at han er i djup krise. Norske biografidebattar forfell fort til moralisering om kor grensa går for kva vi skal fortelje om livet til ein annan person. Men skal det finnast ei grense i det heile? Kanskje kan sjølvbiografien vise veg. Den viser iallfall tydeleg kva vi føler motstand mot å skrive om.

Det er mellom anna dette Stephen J. Walton undersøkjer i denne boka. Ho inneheld tekstar knytte til grunnleggjande spørsmål om biografien og sjøvbiografien, og spenner over tidsrommet fra 1991 til idag. Walton er kritisk til den gjengse måten å skrive biografiar på, og etterlyser meir eksperiment og nye løysingar."

Ja, hva er et liv? Hvordan skildre et liv? Hvordan ville jeg skildret mitt eget? Hvordan ville du skildret ditt?

Om forfatteren kan du lese HER på Samlagets hjemmeside.

3. september 2008

Ingen må vite






Jeg har både gledet og gruet meg til å lese Aina Bassos Ingen må vite. Gledet meg fordi jeg har fulgt en del av tilblivelsesprosessen slik Aina har formidlet den i bloggen sin, og gruet meg fordi det kunne jo være at jeg ikke likte den og dermed ble nødt til å si noe negativt om den. Den bekymringen viste seg heldigvis å være ubegrunnet.

Ifølge baksideteksten er det en spennende og poetisk roman om kjærlighet og blodskam. Og det er det. Den er så spennende at den er vanskelig å legge fra seg, og den er så vakker at det nesten er vondt, for det vakre og det vonde er uløselig sammenknyttet. Og siden jeg nå allerede har foregrepet begivenhetenes gang ved å røpe at jeg likte denne boka, kan jeg også røpe at jeg var på gråten da jeg var ferdig med den.

Boka er skrevet med en språklig minimalisme og er en såkalt punktroman, jfr. Paal-Helge Haugens Anne (1968) som formodentlig har vært et av forbildene. Når jeg tar Anne ut av bokhylla og blar raskt gjennom den, slår det meg at Ingen må vite kanskje er en bedre bok. Det kan være fordi det er svært lenge siden jeg leste Anne og lesingen av Ingen må vite sitter friskt i hukommelsen, men det kan også være fordi det slår meg at Anne er mer av en kollasj enn Ainas bok er. Haugen tar inn en del sitater herfra og derfra for å tegne tid og miljø, noe som bidrar til å gjøre selve fortellingen nokså løs og springende, mens Aina holder seg til saken og bruker selve teksten mer effektiv til både å fortelle historien og til å tegne tidsepoken og omgivelsene. Bare tre ganger tar hun inn sitater utenfra. Her står det ikke noe ”OBS! Research!” i margen, selv om det jo nettopp ligger mye research bak, åpenbart. Men det er nettopp her skrivetalentet kommer inn, i evnen til å gjøre dette stoffet så levende, gi det en så kunsterisk vellykket form. Aina økonomiserer med virkemidlene, i god harmoni med bokas minimalistiske stil. Vi ser hus og landskap og mennesker for oss. Både ytre og indre skildringer er uhyre troverdige. Som alle ekte forfattertalenter, imponerer Aina med skarpe og presise observasjoner og evnen til å drive handlingen fremover på det jeg vil kalle en ”organisk” måte, det vil si naturlig, uten cliffhangere og andre kunstgrep.

Ainas tegninger av personer og miljø og omgivelser er så nydelig presise og poetiske at teksten blir en estetisk nytelse, samtidig som den rommer så mye dramatikk og følelser som den gjør. Se bare på denne beskrivelsen (særlig den første setningen!) av hovedpersonens første morgen i fengsel.

«Ho vaknar i eit røyktynt lys.
Auga svir. Tunga er tjukk og tørr i munnen.
Der er lydar.
Tresko over golvet. Eit teppe som blir banka.
Dumpe stemmer og latter gjennom taket.

Små bekkar renn nedetter murveggen. Nokre bleike kryp
har stimla saman i et tomt matfat.
Ho set seg opp i senga. Lener seg innåt veggen.»

Handlingen i boka er festet til tid og sted, men problematikken er som vi vet dessverre evig aktuell. Noe av det fine med denne boka slik jeg opplever den, er at det ikke er en ”problemroman”, ikke en sånn ”nå-skal-vi-snakke-om-et-alvorlig-tema-dere”-bok. Samtidig tenker jeg at boka nettopp derfor kanskje kan hjelpe noen, blant annet på grunn av den historiske distansen og fordi den forteller en historie som virkelig griper leseren.

HER, på bloggen Frilansliv, finner du et intervju med Aina om bakgrunnen for boka og tematikken. DETTE intervjuet i Bok & Samfunn er også verd å ta med seg.

I et av innleggene på sin egen blogg har Aina lurt på når man kan kalle seg forfatter (HER). Hun kan trygt kalle seg forfatter, ikke fordi jeg liker debutboka hennes, men fordi hun har utgitt en bok på et anerkjent forlag. I hvilken sammenheng det er naturlig å kalle seg forfatter, er en annen sak. I mange sammenhenger vil det være naturlig å bruke yrkestittel/akademisk grad (for eksempel ved utfylling av diverse skjemaer), i andre sammenhenger (for eksempel ved litterære arrangementer) vil det være naturlig å kalle seg forfatter. Det kommer an på sammenhengen. Men forfattertittelen kan hun bruke med full rett.

11. august 2008

Ainas bok





Det bokbloggende Norge gleder seg nå selvfølgelig med Aina over debutboka hennes Ingen må vite. I motsetning til bokas tittel må alle vite at den nå er kommet i handelen eller er på vei til en bokhandel nær deg, og jeg går som en selvfølge ut fra at alle bokbloggere kjøper denne boka i ren og skjær solidaritet med debutanten. Og blogger om den, selvsagt. HER finner du Samlagets omtale av boka. Denne omtalen var ikke der tidligere i dag, men jeg pushet litt på dem, så nå er den på plass. Men de fleste som har fulgt med på Ainas egen blogg har jo fått et godt innblikk i boka allerede.

30. mai 2008

Ord for dagen

"Eg kjenner dei som har vore bra folk, som har vore i stand til å tenkje klart, men så har dei vorte fengsla av litterært stoff, og det har verka uheldig inn på dei, som om dei har mista balansen."

Tormod Haugland
Orm, ugla og and: prosa obskura, Oktober 2008


26. april 2008

Les!





Åtte av ti som har born, les for dei. Det syner den store bokbransjegranskinga som Synovate gjorde for Bokhandlerforeningen og Forleggerforeningen i februar i år. Dei med høg utdanning og inntekt over 500 000 kroner les langt meir enn dei med lågare utdanning og lågare familieinntekt. Åtti prosent av dei som har born over ti år kan hugse at dei las dagleg, eller minst to-tre dagar i veka for borna.

Sjølv høyrer eg til dei som las dagleg for begge borna mine, og eg kjem sjølv frå ein heim utan tv, men med høgtlesing for heile familien. Dét er nemleg også ein god idé, ikkje berre å lese for borna.

Nokon trur at det å lese for borna fyrst og fremst handlar om underhaldning. Det gjer det òg - underhaldning, kos og samvær. Men umedvete handlar det også om noko heilt anna og mykje meir. Born som vert lesne for, tilegnar seg språkleg kompetanse, intellektuell modnad og kunnskapar. Fremjer konsentrasjon og læreevne gjer det òg. Det einaste negative høgtlesing for born kan medføra, er at den lesande forelderen sovnar, og kanskje ungen med. Eg trur mange foreldre kjenner seg att i det. Men å lese for borna treng ikkje vere noko ein gjer berre på sengekanten, sjølv om det er den ideelle måten å avrunda dagen på.

22. april 2008

Nynorskdebatten


Brynjulf Jung Tjønns hjemmeside finner du HER.

Nynorskdebatten

«I fjor gjekk eg ut i et essay i Syn og Segn, samt kronikkar i ei rekke aviser, der eg hevda nynorsk er for krøkkete til å vere ein god reiskap i det daglege. Eksempelvis er nokre –elseord forbode, medan andre er lov. Det er, som Jung Tjønn påpeikar, ikke lett å vite fram og bak på nynorsk skriftspråk. Når ein då sit på ein travel nyhetsdesk i ei avis med tidleg deadline, vert nynorsken kort sagt ein ubrukeleg reiskap. Ein har ikkje tid til å sitte og vrengje og vri hovud og ordlister i jakt på kva som er lov og ikkje lov, stavingar og så bortetter.»

Anne Viken, journalist, skribent og blogger, i et innlegg i nynorsk debatten i Aftenposten, i dag.
Bloggen hennes er HER.

18. april 2008

Nynorsken i våre hjerter

Brynjulf Jung Tjønn får flere tilsvar i Aftenposten i dag, på sitt bebudede farvel til nynorsken (se DETTE innlegget). Det ene er fra oversetteren Jan Wesenberg som har et like anstrengt forhold til bokmålets mange valgmuligheter som Tjønn har til nynorskens, og som ikke er fremmed for en faneflukt i motsatt retning av den Tjønn vil foreta. «... la gå at eg ikkje har allverdas rutine på nynorsk, men det er i alle fall råd å skrive nynorsk konsekvent, om ein vil. Medan bokmålet liknar på ei såpeglatt sklie der ein får lyst til å huke seg ned, eller kjennest som ein konstant paranoia om korkje å vere for overdressa eller underdressa i samanhengen og i høve til bakgrunnen, har nynorsken i alle fall ein nøytralitet og stilistisk diskresjon i grammatikken,» skriv Wesenberg, som passande nok gjeng over til nynorsk i innlegget sitt, for å illustrera kva han meiner.
Sjølv kjenner eg meg godt igjen i Wesenbergs hjartesukk over dei mange valmoglegheitene ein har på bokmål: «Skal jeg la et a-partisipp gløtte frem i dag, eller skal jeg ikle dem alle trygge et-burkaer?» Eller skal eg seie «fram» eller «frem», vil eg leggje til for eigen del.

Olav H. Harrestad tillegger i sitt innlegg Jung vikarierende motiver, slik jeg også gjorde, eller i hvert fall antydet, i mitt blogginnlegg. Om enn ikke økonomiske i dette tilfellet, i hvert fall ikke direkte: «Ein som skal opp og fram i Oslo, går ikkje over til byens rotfaste språk. I hovedstaden kuttar ein røter. På same vis er det med nynorsken, han vert ein hemsko i hovudstaden for andre enn dei som arbeider innafor nynorskinstitusjonane. At eit språk må vera lett og ha minst mogleg av bøyingar osb. for å vera liv lage, er ein illusjon. Eit slikt argument held korkje for franskmenn eller russarar, ikke tyskarer eller svenskar heller for den saka si skuld.»

Nå blir det spennende å se hva Jung svarer.

16. april 2008

Farvel til nynorsken?










"Farvel til nynorsken" er tittelen på Aftenpostens kronikk i dag (Kulturdelen, side 4). Det er forfatter og journalist Brynjulf Jung Tjønn som er frustrert over nynorskens utvikling. "Eg veit snart ikkje bak og fram eller opp og ned på nynorsken. Eg forstår meg ikkje lenger på han [...] For det meste er jo lov i nynorsken i dag!"
Akkurat dette har jeg også stusset over, nå i min nyvakte nynorskinteresse. Jeg har bare skummet denne kronikken foreløpig, men skal lese den grundig i lunsjen. Den burde interessere alle som er opptatt av nynorsken i dag.

21. mars 2008

Litt om nynorsk.

Nynorsk har lenge vært et tema i denne bloggen, men særlig etter at jeg ble "bloggleser" for Samlaget og for alvor fikk sansen for nynorsk. Jeg har kanskje hatt en vag forestilling om at nynorsk litteratur bare kommer ut på Samlaget, men oppdager av og til i anmeldelser at bøker også kommer på nynorsk på andre forlag. Sist i en anmeldelse i påskenummeret av Morgenbladet, av Hélène Cixous' Gull - breva frå far min. En bok jeg fikk lyst til å lese.
Helt uproblematisk er nynorsk tydeligvis ikke for ikke-nynorskforlag, som man kan se av DETTE innlegget på Flimre-bloggen. At andre norske forlag enn Samlaget utgir norskskrevet skjønnlitteratur på nynorsk, er kanskje ikke så rart, men hvorfor velger f.eks. et forlag som Gyldendal å oversette fransk litteratur til nynorsk? Er det noen forpliktelser ute og går her, akkurat som man i NRK vel må ha så og så mange prosent nynorsk, eller er det en bevisst politikk fra forlagets side, eller bare et tilfeldig valg, eller hva?

18. mars 2008

Dostojevskij og Hamsun.









Eg les Raskolnikov (Forbrytelse og straff), og det slår meg kor merkeleg dette minnar om Hamsun. Eller omvendt, kan hende - kor merkeleg nokre av hovudpersonane til Hamsun - td Nagel i Mysterier og eg-personen i Sult - minnar om Raskolnikov. Det kan da ikkje væra tilfeldig? Og nei, i den nynorske Wikipedia-artikkelen om Dostojevskij les eg: "Dostojevskij har hatt stor påverknad på moderne forfattarar som Albert Camus, Franz Kafka og Gabriel García Márquez. I Noreg er spesielt Knut Hamsun kjend for å væra inspirert av den russiske forfattaren."
Dette er kan hende noko alle veit, men eg visste det ikkje. Men det er innlysande når ein les dei. Eg har jo Kolloens Hamsun-biografi, så eg får sjå etter om det står noko nærare om det, for dette vart eg nysgjerrig på.

PS: Dette innlegget ble skrevet på nynorsk. Jeg vet ikke hvorfor, det bare ble sånn. Men hvor vellykket var det?

17. februar 2008

Enda mer "Veke 53".


Mer Ravatn. Hovedpersonen, lektoren Georg Ulveset, deltar i det store juleselskapet til kollegaen Sissel Meyer og hennes mann Jacob, en sosial begivenhet med omtrent samme status i det lille øysamfunnet som Aschehougs hagefest. På et noe fremskredent stadium i festen står Georg og Jacob på terrassen og røyker, og følgende samtale utspiller seg:

-- Kven er forresten ho som sit nede på enden med meg? spurde Georg.
-- Kven?
-- Ho som sit nede med meg, heilt på enden.
Jacob Meyer såg ut til å tenka seg om.
-- I svart kjole, litt slik glinsande. Omtrent femti år, kanskje litt meir, forklarte Georg.
-- Nei ... sa Jacob.
-- Jo da, ho som liknar litt på, hm, ein fisk? føreslo Georg litt nølande.
-- Åå. Å, ja, det er jo Janne det. Janne Frank.
-- Janne Frank?
-- Ja, sa Jacob Meyer. Janne Frank.
-- Heiter ho det?
-- Ja, det er det ho heiter.
-- Å ha eit slikt namn er som å be om bråk, sa Georg.
-- He he, ja. Kanskje det, sa Jacob fråverande.
-- Dersom nazistane skulle få kloa i henne, meiner eg, sa Georg.

16. februar 2008

Diverse ord for dagen.










Livet er kanskje ikkje så fantastisk, men det er ikkje nødvendigvis så dårleg heller.

Svaret på alt eg lurte på kom til meg i ein draum. Men draumar er jo berre grums og undertrykte behov, det er noko alle veit, så det var ei kortvarig glede.

Det er ei kjend sak at sorg med få grep kan gå over i lyst.

Heile mitt liv har eg berre levd etter ein einaste regel: Smink deg som om kvar dag skulle vore din siste.

Det slo meg ein dag at forholdet vårt først og fremst var basert på at ingen gjorde det slutt.

All kjærleik er egoistisk.


Fra Agnes Ravatn: Veke 53. Roman, Samlaget 2007.

13. februar 2008

Smakebiter fra "Veke 53".








«Sissel Meyer såg så håplaust lukkeleg ut at det truleg ikkje var trygt for henne å kjøra bil.»

«Georg var ikkje tilbake før etter fire timar. Då hadde han òg teke ein tur til frisøren. Der hadde han fått håret klipt av ein tidlegare elev som nå var lærling, og det stemte at ho hadde ein del å læra.»

«Georg låste seg inn i leilegheita og der, ikke overraskande, såg alt ut akkurat som da han forlét det.»

«Frå radioen fanga han opp utsegna ’mange følelser kommer opp når man blir fratatt ritualene sine’, men rakk ikkje å reflektera over dette før telefonen ringte att.»

«Sissel og Jacob Meyer sitt årlege juleselskap var segnomsust på øya. Dei inviterte blei nesten for samfunnstoppar å rekna, rett nok i eit samfunn først og fremst prega av botnar.»


Fra Agnes Ravatn: Veke 53 (roman, Samlaget 2007)