30. januar 2008

Boklig ambivalens.








«Ambivalensen min femner om og trengjer gjennom alt eg kjem i nærleiken av. Ta forholdet mitt til bøker, for eksempel. Noko i meg misliker bøker. Eg omgir meg likevel til dagleg med fleire tusen bøker, dei har eg kjøpt ved mange høve i livet mitt etter at eg var ein femten-seksten år gammal, på ein måte utgjer bøkene mine fotoalbumet mitt, ein plass eg har vore, folk eg har møtt, noko bestemt eg har opplevd, slikt er i mitt liv knytt til den og den boka. Og likevel har eg ein motvilje nettopp mot bøker. Når eg så trass alt driv og kjøper og samlar på bøker, så må det vel då vere fordi dei er det minste vondet, det eg misliker minst, langt mindre enn andre ting. Dermed må det vere noko ved bøkene som eg liker, og det er det jo også, og det eg liker ved bøkene, er vel helst noko nesten ubestemmeleg ved dei, noko ubestemmeleg som eg kan kalla for litteratur. Eg misliker bøker, men eg elskar litteratur. Bøker som ikkje har litteratur i seg, bryr eg meg ikkje om, dei er berre til plage, skolebøker får det for eksempel til å krypa ekkelt nedover ryggen min, dei aller fleste fagbøker og humorbøker og barnebøker kreglast eg over. Dei er rett og slett ekle gjenstandar. Mange snakkar om gode bøker, det er uinteressant for meg, og det ser for meg ut til at det er ein motsetnad mellom gode bøker og litteratur, ei god bok er noko ein tyr til for å få tida til å gå, ein gjenstand med sin glamour. Gode bøker trugar litteraturen. Likevel finst det bøker som ikkje nødvendigvis har litteratur i seg som eg også kan like, i så fall må det være ei bok som har kvalitetar ved seg som gjer den til ein særegen gjenstand, kvalitetar som gjer boka til ein gjenstand med særskilt verdi, enten i retning av kunst eller i retning av affeksjon, det kan vere at boka er prega av kjærlege bruksspor, ikkje den typen bruksspor som fyller dei fleste skolebøker, hatske og hastige bruksspor, eller det kan vere eit omslag eg liker godt, det kan vere ei bok eg ein gong har fått av eit kjært menneske, det kan vere så ulike ting men som har det til felles at dei gjer boka til ein bestemt og vakker gjenstand. Ein slik særskild verdi kan likevel også andre gjenstandar få, det er ikkje noko utprega for bøker. Det som er utprega for dei bøkene eg liker, er litteraturen.»

Jon Fosse, fra "Litteratur" i Gnostiske essays

4 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg ser nedover siden din, og spør meg selv: Har han sluttet å reagere på kommentarene?

Jørn Roeim sa...

Nei, sorry, det er bare det at jeg er i det lille røde huset i skogen, og kontakten med nettet går via en uhyre treg mobilforbindelse.

Unknown sa...

Du er herved tilgitt!

Jørn Roeim sa...

cox: Det var godt å høre. Jeg har prøvd å rette opp de verste syndene ...