13. februar 2008

To forfattere om nynorsk.



«Eg elskar nynorsk. Eg kunne skrive ei avhandling om kvifor, men eg får forsøke å vere kortfatta. Først og fremst er nynorsk den målforma eg uttrykkjer meg best på. Vidare trur eg det finst ein særeigen nynorsk humor og ei særeigen nynorsk samkjensle som eg kjenner meg heime i. Og ikkje minst er det viktig at ein som nynorsking representerer ein motkultur og ein trassvilje som eg trur ein gjer klokt i å ta vare på. Nynorsk er eit godt språk, og dersom ein gjer ein innsats for å skrive god og rett nynorsk, har ein mykje att for det. Men ein må kjempe, ettersom dominansen til bokmål og engelsk er så overveldande.»

Olaug Nilssen, i et intervju du finner HER .


«Eit par og tjue år gammal debuterte eg som skjønnlitterær forfattar, på Samlaget, og sidan har eg skrive mange bøker og artiklar, alt på nynorsk.
Eg er altså eit uhjelpeleg nynorskskrivande menneske.
Og no nærmar eg meg mitt beste argument for nynorsken og det seier at kvifor skal eg argumentere for at språket mitt til nokre hundre tusen andre skal få lov til å eksistere? Det er jo språket mitt, det eg kanskje er mest knytt til her i livet. Eg er veldig glad i språket mitt. Eg opplever det nedverdigande å skulle måtte argumentere for det. Går nokon til åtak på språket mitt, er det einaste som nyttar enten å pelle seg vekk eller å slå. Kva eg måtte velje å gjere, får storleiken på den som går til åtak avgjere.
Eg kan ikkje fordra å argumentere for språket mitt, det er nesten som å måtte stå der og kope og argumentere for sin eigen eksistens. Og korleis kan ein argumentere for den? Det er ikkje så mykje meir å seie enn at eg er her no eingong. Og det same gjeld nynorsken. Både eg og nynorsken er her no eingong, av ulike og kanskje til dels uforståelege grunnar.»

Jon Fosse: fra «Min kjære nynorsk» i Gnostiske essays (Samlaget 1999, 2004 ).
(Jeg kjøpte min i pocketutgave hos Norli rett før jul.)

1 kommentar:

Sesselja sa...

"Eg er veldig glad i språket mitt. Eg opplever det nedverdigande å skulle måtte argumentere for det."

*klapper*