26. april 2008

Les!





Åtte av ti som har born, les for dei. Det syner den store bokbransjegranskinga som Synovate gjorde for Bokhandlerforeningen og Forleggerforeningen i februar i år. Dei med høg utdanning og inntekt over 500 000 kroner les langt meir enn dei med lågare utdanning og lågare familieinntekt. Åtti prosent av dei som har born over ti år kan hugse at dei las dagleg, eller minst to-tre dagar i veka for borna.

Sjølv høyrer eg til dei som las dagleg for begge borna mine, og eg kjem sjølv frå ein heim utan tv, men med høgtlesing for heile familien. Dét er nemleg også ein god idé, ikkje berre å lese for borna.

Nokon trur at det å lese for borna fyrst og fremst handlar om underhaldning. Det gjer det òg - underhaldning, kos og samvær. Men umedvete handlar det også om noko heilt anna og mykje meir. Born som vert lesne for, tilegnar seg språkleg kompetanse, intellektuell modnad og kunnskapar. Fremjer konsentrasjon og læreevne gjer det òg. Det einaste negative høgtlesing for born kan medføra, er at den lesande forelderen sovnar, og kanskje ungen med. Eg trur mange foreldre kjenner seg att i det. Men å lese for borna treng ikkje vere noko ein gjer berre på sengekanten, sjølv om det er den ideelle måten å avrunda dagen på.

Ingen kommentarer: