16. desember 2009

Ord for dagen






Det er berre av praktiske grunnar at eg er glad for å vere norsk, og eg kan ikkje seie at eg er spesielt glad i landet mitt. Eg er glad i Noreg på same måte som eg er glad i ei bukse som passar. Og i det siste har eg eigentleg gått mest i skjørt.

Agnes Ravatn: Stillstand. Sivilisasjonskritikk på lågt nivå. Samlaget 2009.

Bortsett fra det med skjørt, kjenner jeg meg veldig igjen i Ravatns forhold til det å være norsk.

"Stillstand er essay frå stader og situasjonar der ingenting skjer. Forfattar og journalist Agnes Ravatn har på slentrande vis, iblanda mild sosial angst, oppsøkt plassar i det norske samfunnet som vanlegvis ikkje blir kommenterte, som tingretten, klosteret og talarstolen på 17. mai. Ravatn er frekk, lur, observant og morosam og avslører uvesentlege detaljar om folk du ikkje visste at du var interessert i å vite meir om."

7 kommentarer:

Odette de Crécy sa...

Det er litt som å være lei av å gå i sjuende klasse, egentlig.

Aina Basso sa...

Fin samling tekstar! Og no er ho i gang igjen, i Dag og tid. Og alle hjerter gleder seg. Og fansen skryt uhemma på festar.

Anonym sa...

Eg forsto ikkje den kommentaren om sjuande klasse.
Kanskje fordi det er svært mange år sidan eg var sjuandeklassing sjølv?

Eg tykkjer Agnes Ravatn her har greid å setja ord på den kjensla sikkert mange nordmenn kan ha - når patriotane skrålar som høgst.

Då kan ein til tider til og med skjemmast...

Odette de Crécy sa...

Det er vel ikke sjuendeklasse som fenomen det dreier seg om.
Mer dette "fjortis-viruset" som fester seg, og slår ut gang på gang gjennom hele livet.
Buksa passer, men ....

Anonym sa...

Eg har visst litt tungt for det.

Eg skjøner framleis ikkje kva Odette eigentleg meiner?

Kanskje me les teksten på vidt forskjellege måtar?

Etter mitt syn gjev Agnes Ravatn ei framifrå skildring av korleis ein kan oppleva å vera litt framand i eige land.
Skildring av kva ein tykkjer når eigne landsmenn blir litt vel sjølvgode og framhever kor framifrå gode me er som nasjon.

Eg ser ikkje noko "fjortis-virus", men tvert om eit kritisk blikk.

Men som sagt, kanskje me les teksten på vidt forskjellege måtar, frå kvar vår ståstad?

Odette de Crécy sa...

Anomym:
Jeg har ikke lest Ravatns tekst.
Mitt utgangspunkt er sitatet og den opposisjonen som ligger der.
Er det nasjonen Norge som har endret seg, mens betrakteren har vært opptatt med andre ting - eller er det betrakteren som har endret seg, og nå føler seg ukomfortabel med omgivelsene?
Jeg tror de fleste av oss opplever dette dilemmaet gang på gang gjennom hele livet.
Og det er vel derfor slike tekster appellerer litt ulikt blant leserne, selv om nasjonen Norge tilsynelatende er den samme.

Anonym sa...

Odette:

Takk for oppklåring.

Eg trur no ellers at både betraktaren og nasjonen endrar - smått og umerkeleg - heile tida.