17. august 2012

Quiz: Hvilken nynorsk forfatter/bok

















Jeg prøver meg med en ny quiz. Denne gangen er alt på nynorsk, og det gjelder å gjette forfatter og bok. Noen av utdragene inneholder direkte hint til tittelen. Et par navn er skjult med N eller NN. Praktiser gjerne antydningens kunst i svarene. Fasiten kommer sent i kveld. Dette er bare en litterær lek, ikke en alvorlig konkurranse. Gjett i vei! Lykke til!

1) «Paulette Lestafier var ikkje så senil som dei ville ha det til. Sjølsagt heldt ho greie på dagane, det skulle berre mangle, det var snart det einaste ho hadde å ta seg til. Telje dei, vente på dei og gløyme dei. Ho visste inderleg godt at det var onsdag i dag. Ho var dessutan klar! Ho hadde fått på seg kåpa, tatt fram korga og plukka saman det ho hadde av rabattkupongar. Til og med høyrt bilen til Yvonne komme borti vegen .... Men så var det katten som sat framfor døra, han var svolten, og det var da ho skulle bøye seg og setje ned att skåla hans, at ho hadde ramla og slått hovudet i nedste steget på loftstrappa.» 

2) «Ho fór saman: Eit høgt brak midt i desse tankane, denne ventinga. Eit langt brestande liksom - bortover og bortover, medan det dovna av. Det var frå isen på det store vatnet her nedanfor. Og det var ingen fare, var i staden gledeleg, braket fortalde at isen vart endå eit grann sterkare. Det dunde som børseskot, og sprang lange, knivsmale revner frå overflata og djupt nedigjennom - likevel vart isen sterkare og sikrare til kvar morgon. Det hadde vori ein uvanleg lang og hard barfrost-haust.» 

3) «Avdøde ønska ikkje fjernsyn. Ingen kamera, mikrofonledningar, kabelkveilar eller lysriggar fekk ta glansen frå sørgehøgtida. Alle var der jo likevel, og avisene skreiv. Morgonen for gravferda grydde til ein dag med høg himmel og kald nordavind. Sjølve kom vi også frå nord, med båten same morgon, og tok toget vidare frå Kiel. Lyden av kyrkjeklokkene bar langt ut over byen og hamna og fjorden og det låge landet omkring. Store, offisielle tenestebilar med sota ruter rugga sakte gjennom dei trange gatene i sentrum, og sette av kistekledde passasjerar i sidegatene ved St.-Marien-Kirche. Eg burde kunna vegen, men vi gjekk feil frå stasjonen, og kom fram i siste liten. Innvendig var kyrkja vakkert pynta med blomar og kransar. Orgelet durte stille over dignitærar og forunderleg glisne benkerader. Generalstaatsanwalt Dr. Dr. Hon. NN blei ført til grava ved ein protestantisk religiøs seremoni og i nærvere av høge representantar for delstatsregjeringa og det sivile samfunnet.» 

4) «Når Maria er framme ved kontoret, er klokka 07:20, og ho må stå ved døra, for alle stolane er sjølvsagt tatt. Sjefen er spydig fordi ho er for sein, og Maria beklagar og seier at ho trur klokka går litt seint. Sjefen seier at ho får ta og rette klokka, og Maria seier at det skal ho gjere. For at sjefen skal sjå det, lèt ho som ho gjer det med ein gong. Ho har sett sjefen sparke ei tilsett som alltid kom for seint. Den dagen stod ho alvorleg bak disken og kviskra med nestsjefen til klokka var ti over sju, og dei som sat der, byrja å bli urolege. Då forseintkommaren kom halsande inn, marsjerte sjefen fram frå bak disken i ein elegant boge, og det gjekk eit engsteleg sukk gjennom flokken av unge reinhaldsvikarar. Sjefen stilte seg opp framfor jenta med hendene i sidene, og augo hennar lynte. Maria var redd, men jenta som var kommen for seint, var det ikkje, ho byrja berre å orsake seg.» 

5) «Det var laurdag og kringledag. Og akkurat på denne tida kaffipreiket toppa seg. Eg stod og lytta på kva dei sa i krinsane på kaien, og la merke til dei nye vanane folk hadde. Ein dalbu eg ikkje hugsa namnet på, gjekk inn på Handelslaget for å kome ut att like etter med bein kurs for Schmidt-kolonialen, for i tredje omgang å ta seg attende til Handelslaget att. Gong på gong utan at han fekk handle så mykje som ei kringle, gjentok dette seg. Før var dei som handla hos Schmidten, og dei som handla på Handelslaget, for to ulike kyrkjelydar å rekne. Ingen kunne finne på å bryte det innlærte mønsteret. Handlemønsteret var eldre enn Moseloven, sa dei om den saka. No vandra begge lydane kvilelaust mellom kolonialane med allfort skeivare fjes, ein tone raudare i kinna, eit knepp til høgre, for kvar runde.»

6) «Eg seier at Line kan gå, og legg meg på senga, forsiktig så ikkje kleda skal knurve og frisyren losne. I hagen sit ein svarttrost og plystrar. Vindauget litt på gløtt, den velkjende lukta av gryande vår, eg får heimlengt igjen. Eg vil skrive til mi kjære søster, fortelje henne alt eg har opplevd sidan sist. Skriv til meg i Trondheim, skreiv eg, men ingen brev er komne. Kanskje har ho ikkje fått mitt enno, kanskje er livet hennar fullare no som eg ikkje lenger er ein del av det. Tanken på alt ho kan oppleve utan meg, strammar i magen, så forferdelig å ikkje skulle vere ein del av livet hennar. Eg snur meg på sida og trekker opp beina. Dei går snart over, desse pinene, snart er saknet gløymt og eg er travel og oppslukt av det nye livet. Snart er det Vardø som er heime, medan huset i København berre er eit vakkert minne om ei tid som var, ein barndom eg hadde, som aldri kjem tilbake.» 

 7) «Til slutt sette Jacob dei to lektorane av i busslomma ved sida av skulen. Heile vegen til lærerrommet underheldt Sissel med snakket sitt, og det var stort sett dei verdslege sidene ved julefeiringa ho var oppteken av; innkjøp, pynting og reingjering. Georg gjekk taus ved sida av og tenkte på dei undertrykkande kreftene i kvardagen. Å ta del i slike samtalar så mange gonger i løpet av eit liv forsterka kjensla han hadde av ein akselererande visningsprosess. På lærarrommet drakk han ein kopp kaffi og takka ja til ei peparkake frå ein kvinneleg kollega. Lærarane var heilt klart komne i julestemning no, på alle nivå. Det låg ein svak eim av mandarin over heile skulen, og kvar dag var det minst fem kvinnelege lærarar som hadde kledd seg i raudt. Det einaste unnataket var kanskje den nye svenske gitarlæraren som sat i ein krok for seg sjølv og las i boka Norge - en kritikk. Kanskje ikkje heilt rett innstilling, tenkte Georg, samstundes som det heilt klart hadde sin sjarme.» 

 8) «Ferja ligg uroleg på kulingen som kjem strykande med regnet frå babord. Høgtalaren over den stengde kaffeluka tar Oslo dårleg inn. Marianne ser den forlatne kaffekoppen der på bordet, og kjenner at ho må kaste opp, kjem seg opp på dekk, heng utover rekka og brekker seg. Der står ho, Marianne N. Vinden og regnet gjer henne godt. Ho er 18 år og serveringsdame på Rutebilkaféen i Ramvik. Ramvik sentrum kan så vidt skimtast i tåka. Marianne går ned i salongen og hentar veska si, låser seg inne på toalettet til båten er inne, og studerer ansiktet nøye: I en sprukken og skitten spegel.» 


9) «Regne held på. Men lufti er lettare. Eg gjer opp varme på gruva; kveikjer eit ljos til; drikk eit glas kognak; tek til å få mod. Jøss, for småtull det er, alt det me gjeng og syter og harmar oss fyri her ned i dalane! Ein statsrevisorpost! Litegrand folkesnakk! - Berre magtine oppi lufti tek seg ein dans er det gløymt. Fred vere med min ettermann klokkaren! Fred  vere med den Kristiania dygd! Herregud, lat dei snakke; dei treng um det. Ein skal elske sin næste, stend det; skulde me ikkje unne desse matleide stakkarsting der inne so mykje som ein litin skandale til å kose seg med?»

10) «NN kom altså til verda på eit småbruk i Vanylven kommune på søre Sunnmøre ein grå vinterdag tidleg på nittenfemtitalet. Eg ser det ikkje som mi oppgåve som forteljar av Ns historie å lesse framstillinga ned med amatørpsykologi, og dermed har eg ikkje tenkt å bidra med noka detaljert skildring av t.d. dei tidlege barndoms- og ungdomsåra hans, slik at du, som ev. topptrena lesar av realistiske og andre utviklingsromanar, kan tolke deg fram til nokre spesifikke traume som kan ha skapt den for så vidt slegne mannen som vi nett har møtt. Ns plass i den vesle søskenflokken på småbruket er ikkje nokon stor løyndom, men eg har tenkt å halde meg for god til å overrisle lesaren med dei vanlege biografiske opplysningane om t.d. kor lenge Bodvin fekk bryst, kor gammal han var da han tok til å mate seg sjølv, frigjorde seg frå farens nokså omfattande verdsbilde, osb., iallfall fram til eg ev. blir nøydd til å avsløre, dvs. dikte opp dette i avisintervju eller (i beste fall) på Skavlan etter at dette er publisert. Her kan det derimot vere på sin plass med nokre enkle sosioøkonomiske betraktningar.»

6 kommentarer:

Kollegaen i Østfold sa...

Nr. 10 er i hvert fall klar. Det finnes kun en Bodvin fra Vanylven i norsk litteratur.
Men de andre ...? Det er noe hovlandsk over en av dem, men hvilken? Ikke lett, dette.

Elisabeth sa...

Nummer fire er det laget film av. Det er også den eneste jeg er sikker på her.

Hedda sa...

Dette var moro! Er litt usikker på noen her, men nr. 1 er i alle fall oversatt fra fransk. Nr. 5 var debutboka til en med etternavn på A, og nr. 7 er en nokså utradisjonell "julebok" med handling lagt til Vestlandet.

Jørn Roeim sa...

Kollega: Du har nok spesielle forutsetninger for å ta nr 10, har jeg skjønt. Helt riktig.

Elisabeth. Nr 4 er riktig.

Hedda: Det stemmer med nr. 1. Da har du vel kanskje også en mistanke om hva det er? Nr 5 er riktig, og det samme med nr. 7.

Hedda sa...

Ja, jeg veit godt hvilken bok det er, men tenkte jeg ikke trengte å hinte mer. Er forøvrig laga film av den og, en film forfatteren ikke likte særlig godt. Nr. 8 inneholder en del kjærleik, nr. 2 deler etternavn med en annen forfatter, som han også var gift med, nr. 3 byr på mange parallelle historier (og sjangre) i romanen fra 2009.

Jørn Roeim sa...

Hedda: Alt riktig så vidt jeg kan se.